expr:class='"loading" + data:blog.mobileClass'>

fredag 14. mars 2014

Livsnødvendig sløsing. Kva er det med blomar?

"To hus, eit tre og all denne våren" All rights reserved © LinaLyng

Eg elskar blomar. Blomar har hatt ei instinktiv tiltrekkjing på meg så lenge eg kan hugsa. Eg var ei typisk blomeplukkande småjente. Eg hugsar gleda over dei første kvitveisane, etterfølgde av smørblomane, før -o lykke- den lilla engkarsen dukka opp over alt. Og her i Hardanger er det verkeleg snakk om over alt.
Eg unner verkeleg ALLE å oppleva mitt kjære Hardanger under fruktbløminga, medan alle bakkar gnistrar i lysegrønt nyspira gras, enorme mengder med knallgule løvetann og lyselilla engkarse. Og så kom det tiriltunge, raudkløver, prestekrage, blåklokke.... Lange somrar med gratis, kostbar, lysande og forgjengeleg lukke.
Som sagt, tiltrekkjinga er instinktiv og ordlaus, men no kan eg gjerne setja "vaksne" beskrivelsar på kva det er med blomar. Fargane, formene, det skjøre, det forgjengelege og likevel så vannvittig kraftfulle og organiske. 
Blomar er som livet sjølv. Som menneska. Blomar talar til oss i situasjonar der ord blir fattige. I sorg og i glede. Bårekrans og brurebukett. Blomar er eit fantastisk uttrykk for kjærleik, respekt, takksemd og livsglede.


For ei tid sidan kom eg over ei dagbok frå ein vanskeleg periode i ungdommen, der eg nettopp hadde opplevd ein stor rystelse i livet då to vener døydde i ei ulukke. Det var rart å lesa at eg allerede som 17-åring reflekterte over dette med blomar og livet, om enn på ein noko naiv måte:
Menneske er som blomar.

Skund deg å nyta kor vakre dei er
før dei visnar 
                (Lina, 17 år)  
Blomar er luksus, forgjengeleg luksus. Eg kjenner meg ufatteleg verdifull når nokon gjev meg blomar
"Roser kan også frysa" All rights reserved © LinaLyng
Blomar er der "berre for at", naturen som driv livsnødvendig sløsing med fargar og energi. Blomar må nytast her og no, blomar er ferskvare, akkurat som livet! Parallellane til mennsekelivet er mange: Nokre blømer på berr kvist tidleg, tidleg om våren, medan andre blømer seint. Nokre står lenge i blom, nokre kjem stadig med nye knoppar, andre blømer kun eit par dagar og er desto meir spesielle å få oppleva. Nokre er hardføre, andre er skjøre, nokre endrar farge etter jordsmonnet, medan andre slett ikkje overlever flytting. Peonane blømer kun etter mange år på same stad. Nokre blømer nesten ikkje dersom dei har for næringsrik jord, medan andre må ha rikeleg med gjødsel. 


Likevel, når alt kjem til alt, er det skjønnheita, den forgjengelege og slåande venleiken, som gjer at eg elskar blomar. 

Blomar er det store i det vesle, sjøve livsmysteriet materialeisert i stilk, kronblad og pollenbærarar. Olav H. Hauge får som vanleg sagt det kort og vakkert:
Du rører ikkje ein blom
utan stjernone skjelv.
"Lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!" copyright LinaLyng

Ha ei blømande helg!

LinaLyng